Tradisjonar får nytt liv

Hilde og Lars driv garden Selheim der dei har gris, kyr og gardsslakteri. Sommaren 2020 starta dei opp med prøveprosjektet støling på Grettestølen. Frå juni til september fekk nokre av dyra vera med budeia på stølen for å puste liv i gamle tradisjonar. Dette har vore eit spanande prosjekt som også har haldt fram dei siste to åra, og som truleg vil vera ein del av gardsdrifta i åra som kjem.

Sjå video frå grettestølen

Livet på stølen

På stølen har me 4-5 mjølkekyr, 4 kalvar og 3 griser. Budeia anno 2020 bur på stølen, men har eit enklare liv enn sist det var støling på Gretto. Me mjølkar med maskin, og mjølkemaskina, separator og smørkinne får straum frå solcelleanlegg. Men ellers er stølsdrifta tradisjonell, med dyrehald og produksjon av smør, rjome og andre mjølkeprodukt. Det er mogleg å kjøpe stølsprodukt på stølen eller på Selheim.  

“Grettestølen er eit flott utgangspunkt om du ynskjer å fortsette
turen innover Raundalsryggen i Voss sine høgaste fjell mot
Horndalsnuten (1461 moh.) ogOlsskavlen (1576 moh.).”

Hilde og Lars, Selheim gard

Stølsmat og kulturhistorie i vakker natur

Me har kyr av rasen Vestlandsk fjordfe, kalvar og gris på stølen. Kyra blir mjølka to gonger kvar dag, og mjølka blir foredla på staden til rjome, smør, kefir og syrna kulturmjølk .

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text

A title

Image Box text