Utegrispakke med ribbe
Utegrispakke med ribbe

kr 2700
kr 284 /kg

Velg alternativ Dette produktet har flere varianter. Alternativene kan velges på produktsiden

Utegrispakke med ribbe

kr 2700
kr 284 /kg

Fyll frysen med godt kjøt av utegris frå Selheim Gard
på Voss. Ei variert kjøtpakke med ribbe, steik,
kotelettar, korv og heimelaga spesialitetar.

Mellomstor pakke
Ca. 9,2–9,7 kg kjøt, inkludert 2 kg tynnribbe.

Stor pakke
Ca. 11,6–13,1 kg kjøt, inkludert 4 kg tynnribbe.

Pakkane kan tilpassast etter ynskje og tilgang på råvarer.
Ekstra ribbe: 380 kr/kg.

Difor stolar folk på oss
  • Lokalmat laga med omtanke frå dyr me kjenner
  • Trygg betaling med Vipps eller kort
  • Naturleg og tradisjonell produksjon

Godt kjøt frå våre eigne utegrisar

Med ei utegrispakke frå Selheim Gard får du eit variert
utval av kjøt og heimelaga spesialitetar. Begge pakkane
inneheld ribbe og kan tilpassast etter dine ynskje.

Mellomstor pakke – 2 kg ribbe

Ca. 9,2–9,7 kg kjøt totalt.

  • Tynnribbe – 2 kg
  • Svinesteik – 1,5 kg
  • Kotelettar – 1 kg
  • Flæskesteik / ryggfilet med svor – 1–1,5 kg
  • Kverna kjøt – 1 kg
  • Selheimskorv – 0,8 kg
  • Bratwurst – 0,4 kg
  • Spekeskinke – 0,5 kg
Stor pakke – 4 kg ribbe

Ca. 11,6–13,1 kg kjøt totalt.

  • Tynnribbe – 4 kg
  • Svinesteik – 1,5–2 kg
  • Kotelettar – 1 kg
  • Flæskesteik / ryggfilet med svor – 1,5–2 kg
  • Indre-/ytrefilet – 0,5–1 kg
  • Kverna kjøt – 1 kg
  • Selheimskorv – 0,8 kg
  • Bratwurst – 0,4 kg
  • Bacon – 0,4 kg
  • Spekeskinke – 0,5 kg

Tilpass pakka di

Du kan ta bort varer du ikkje ynskjer, eller leggje til
meir av favorittane dine. Me tilpassar så langt tilgangen
på råvarer tillet det.

Ekstra ribbe: 380 kr/kg.

Ingrediensar og allergen

Selheimskorv: Kjøt frå eigne storfe,
gris og sau, vatn, potetmjøl, salt og pepar.
Lettrøykt.

Bratwurst: Kjøt frå eigen gris, vatn,
potetmjøl, salt, druesukker, krydder og ramsløk
frå Hardanger.

Selheimskorv og bratwurst er utan mjølk,
gluten og tilsett nitritt.

Levering og oppbevaring
  • Leveringsklare frå november 2026.
  • Pakkane kjem i handlenett av bomull.
  • Ferskt kjøt vert levert så langt lageret rekk.
  • Deretter vert det nytta frose kjøt frå slakting tidlegare same haust.
  • Selheimskorv og bratwurst vert leverte frosne.
  • Ferskt kjøt må frysast innan innfrysingsdatoen på etiketten.

Frå garden til middagsbordet

På Selheim Gard på Voss har me eigne grisar og eige slakteri.
Grisane vert slakta her på garden, utan transport til eit
eksternt slakteri. Me legg vekt på godt dyrehald,
tradisjonelt handverk og å ta vare på råvarene
gjennom heile prosessen.

Dette produktet er laga av dyr frå vår eigen gard. Me tek hand om heile prosessen – frå dyrehald til slakting og foredling – på Selheim Gard. Reint, lokalprodusert og smakfullt.

Me sender ikkje varer per post (med unntak av nokre få), men tilbyr:

  • Henting i butikk på Selheim Gard
  • Utlevering via REKO-ringar der me deltek

Du vel kva som passar best ved utsjekk. Har du spørsmål om levering? Ta gjerne kontakt med oss. [Les meir om levering her.]

Vekt I/A
Størrelse

Stor, Mellomstor

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Utegrispakke med ribbe»