Voss Gardsslakteri søkjer slaktar!
Vil du bu og arbeida på Voss – og bli ein del av eit lite, lokalt og framtidsretta gardsslakteri?
Me ynskjer å tilsetja ein person som vil vera med oss vidare i mange år framover. Du kan vera utdanna slaktar, ha erfaring frå kjøtproduksjon, landbruk eller matfag – eller vera motivert for å læra faget frå grunnen av.
For den rette personen kan me tilby fagutdanning og god opplæring i samarbeid med større slakteri og vår erfarne slaktar.
Om oss
Voss Gardsslakteri SA er eit lite gardsslakteri på garden Selheim på Voss. Me slaktar, foredlar og sel lokal, kortreist mat med høg kvalitet.
Garden har i dag kring 9 tilsette, som samla utfører om lag 7 årsverk. Me produserer mellom 40 og 50 tonn kjøt i året, og driv i tillegg tradisjonell gardsdrift med mjølkeproduksjon og kombinert svineproduksjon.
Me byggjer òg opp ei besetning med ammekyr av Vestlandsk Fjordfe, ammegeit av Kystgeit og ein flokk med beitehøns.
I 2025 bygde me ny gardsbutikk, der mykje av det me produserer vert selt direkte. Resten vert selt gjennom REKO-ringar og direkte til storhushaldningar.
Om stillinga
Som slaktar hjå oss får du varierte arbeidsdagar og vert ein viktig del av den daglege drifta. Arbeidet vil mellom anna kunna omfatta:
- Slakting
- Nedskjering og foredling
- Pakking og klargjering av produkt
- Reinhald og kvalitetssikring
- Anna gardsarbeid i periodar
Arbeidet passar for deg som trivst med praktisk arbeid, høgt tempo og varierte dagar.
Me ser etter deg som
- Har stor arbeidskapasitet
- Jobbar sjølvstendig og tek ansvar
- Er lærevillig og motivert
- Har interesse for handverk, matproduksjon og landbruk
- Likar å vera ein del av eit lite arbeidsmiljø
- Ynskjer å bu og arbeida på Voss over tid
Erfaring som slaktar er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du er rett person for stillinga.
Me tilbyr
- Fast stilling i eit lite og framtidsretta gardsslakteri
- Varierte arbeidsdagar på Selheim Gard
- God opplæring og moglegheit for fagutdanning
- Eit praktisk og meiningsfullt arbeid med lokal matproduksjon
- Eit lite arbeidsmiljø med korte avstandar og mykje ansvar
- Moglegheit til å vera med på å utvikla garden og verksemda vidare
Interresert?
Vil du vita meir om stillinga, eller høyrest dette ut som noko for deg?
Ta kontakt med oss for ein uformell prat.
Telefon: 976 09 386
E-post: lars@vossg.no
Stad: Selheimsvegen 126, 5706 Voss
Du kan òg lesa meir om oss og garden her på nettsida.