Gi oss ei vurdering

Obligatorisk felt

Korleis vurderer du oss?
Ein emnelinje for di vurdering.
Kva meiner du om oss?
Kva er ditt fulle namn?
Kva er din e-postadresse?
Kva er namnet på firmaet ditt?
Kva er di stilling i firmaet?
Kva er nettsida til firmaet ditt?
Vil du leggje ved eit bilete?

Selheim Gard

Me leverer lokal, kortreis mat med høg kvalitet

Utvalde varer frå garden

Me har plukka ut nokre av våre mest populære produkt – laga med omtanke og tradisjon på Selheim Gard. Her finn du ekte smakar frå Voss, rett frå garden til deg.

Me er ei lita famileverksemd på Selheim i Voss herad.

Heldiggrisar får døy heime. Kvalitet og smak på kjøtet vert betre når dyra ikkje opplever stress kring transport, oppstalling og slakting. Dette gjer at me kan modna kjøtet lenger og dermed auke kvaliteten og smaken endå meir. Me kan også tilby stor grad av fleksibilitet når det gjeld nedskjæring og modning etter kundens ynskje. Vår matproduksjon er tradisjonelt handverk, og røyking av korv og kjøt skjer i eldhus med orreflis. Spekematproduksjonen vår er inspirert av Middelhavslanda, og me prøver å nytte minst mogleg salt for å få fram den gode smaken.

DN smak
“Det blir ikke god smak på kjøttet av at dyrene er redde og stresset”

Merete Bø 25. mars 2016 • Foto: Sune Eriksen

Me leverer lokal, kortreist mat med høg kvalitet.

Voss Gardsslakteri er eit småskala slakteri på garden Selheim på Voss. Me slaktar og foredlar storfe, gris og lam. Hovudsakleg kjem dyra frå eigen gard, og lam vert innkjøpt frå gardsbruk inærleiken.

Me er medlemmar i REKO-ringen ÅsaneFyllingsdalenFanaBergen sentrum og Voss.

Dette er grupper på Facebook der du som kunde bestiller varer frå ulike produsentar av lokalmat, og hentar på faste stader på avtalt tidspunkt. Les meir om REKO-ringen her.

Sjå kva kundane våre seier

Oppdag produkta våre

Lokalmat frå dyr me kjenner og tradisjonar me fører vidare.