Kalv-fjordfepakke stor

kr 4000
kr 400 /kg

Innhald

10 kg kjøt av grasfôra kalv.

Kjøttet kjem ferdig vakumert og merka, i eit bomullsnett.

Kjøttet er ferskt , og  bør frysast på innfrysingsdato som står på etiketten. Det kverna kjøttet er frose.

Dette er kalv som har gått ilag med mora si ute på beite frå april til november. Har ikkje ete kraftfôr, kun mjølk og gras.

Dette er av rasen Vestlandsk fjordfe som er ein gammal norsk rase som er liten og lett og som eignar seg svært godt til beiting.

Kjøttet har meir intramuskulært feitt, og den seine veksten gjer at ein får eit meir smaksrikt kjøt.

Pakka inneheld eit assortert utval av stykningsdelar

12-15 % biff-og filetkjøt (indre/ytre/entrecote/mørbrad/culotte/flat iron )

8-10 % grytekjøt (skank, sosakjøt m/ bein, bankekjøt, lårtunge, rundsteik)

42-48 % steikekjøt (høgrygg, flatbiff, brisket, netta steik)

3,5 kg kverna kjøt pakka i 0,5 kg pakker

 

NB! Samtlege stykningar er ikkje i alle kasser, men det er gjort ein rettferdig fordeling basert på eit tverrsnitt av dyret.

 

Utsolgt

Dette produktet er for øyeblikket utsolgt!

Ingen fare! Vennligst skriv inn e-postadressen din, så gir vi deg beskjed så snart produktet er tilbake på lager.

Flott! Du har blitt lagt til på ventelisten for dette produktet. Vennligst sjekk innboksen din og bekreft påmeldingen til ventelisten.

Vekt 10 kg